Fint vær og flatt hav

By: Marihøna

Jul 01 2017

Kategori: Personleg liv

Kommenter innlegget

Aperture:f/1.7
Focal Length:4.2mm
ISO:40
Shutter:1/8015 sec
Camera:SM-G930F

Det har ikkje vore tid til blogging dei siste dagane, for vi har samla prøver med undervannsroboten Ægir både dag og natt, og det har vore ein del biologi for meg å sortere. Eg er einaste biolog på båten, men har fått god hjelp av resten av gjengen til å sette i stand laben og to av studentane vi har med har loggført for meg mens eg sorterte. Det har vore heilt perfekt vær, og sjøen er så flat at eg nesten gløymer at eg er på båt. Det er visstnok fordi vi ligger på lesida av Svalbard, men i morgon kveld skal vi forflytte oss, og da kjem vi inn i eit område med meir vind.

Vi har sett mykje morro på videoen frå Ægir, under er eit lite videosamandrag fra dei første dagane av toktet.