Death Valley

By: Marihøna

Jul 07 2012

Kategori: Personleg liv

Kommenter innlegget

Aperture:f/10
Focal Length:55mm
ISO:100
Shutter:1/0 sec
Camera:Canon EOS 1100D

I går køyrde vi til Las Vegas via Death Valley, enda ein nasjonalpark (her ligg dei på rad og rekke!). Death Valley er ein brei, flat dal som vart forma av geologiske merkverdigheiter eg ikkje kan gjere fullt rede for, men eg forstod i alle fall at fjella rundt stiger mens dalen synker, men den blir fyllt med sand frå fjella rund like fort som den synker, så høgda er konstant. Det djupaste punktet er ca 190 feet under havnivå! Og det er sjukt varmt der, vi målte max 116 F på det lågast punktet, ca 47 C. Med andre ord alt for varmt! Vi tok eit par korte stopp for å ta bilete, men orka ikkje vere ute så lenge, så tok mange bilete frå bilen og.

Kommenter innlegget