Las Vegas 2

By: Marihøna

Jul 11 2012

Kategori: Personleg liv

Kommenter innlegget

Aperture:f/5.6
Focal Length:47mm
ISO:500
Shutter:1/0 sec
Camera:Canon EOS 1100D

Etter besøket i Utah og Arizona satte vi nasa mot Las Vegas igjen for å overnatte der ei natt på hotell Paris. Paris er eit av dei eldre, klassiske hotella i Las Vegas med lett gjenkjennelege Eifeltårnet- og Triumfbuen-kopiar på utsida. Inne er det laga til med sjarmerande «handlegater» med fransklydande butikkar og resturantar. Veldig morsomt og koslig 🙂 Denne gangen hadde vi ikkje så mykje program for oppholdet, så vi tilbrakte ettermiddagen med å spasere rundt og besøke nokre av dei andre berømte hotella, blandt anna Venetian, som har kanalar med tilhøyrande gondolar og syngande gondolførarar inne på hotellet 🙂 Når kvelden kom satt vi oss inne på Paris og koste oss med god drikke og skravla om alt mellom himmel og jord ❤

Kommenter innlegget