Biltur dag 1 – Napa Valley

By: Marihøna

Jul 04 2012

Kategori: Personleg liv

Kommenter innlegget

Aperture:f/7.1
Focal Length:18mm
ISO:100
Shutter:1/0 sec
Camera:Canon EOS 1100D

I dag er det mange bilete tatt gjennom bilvindauge, for i dag starta vi bilturen vår! Vi plukka opp bilen på flyplassen i San Francisco og puncha inn ruta på GPSen. Vi valgte ei rute langs kysten i staden for motorvegen for å sjå litt av kystlandskapet. Lunsjpausen tok vi på Muir Beach og fekk dyppa tærene i Stillehavet. Målet for dagen var Napa Valley, der vi håpte å få smake litt vin på dei lokale vingardane. Uheldigvis viste seg at dei stengte veldig tidlig, så vi fekk berre eit glas vin, og det var ikkje ein gang veldig godt 🙂 Men ingen desperasjon her i garden, vi gjekk tilbake på hotellet og koste oss i bassenget og planlegg morgondagen! Da skal vi komme oss tidleg til Laka Tahoefor å nyte dagen der med bading, padling og soling 🙂

Kommenter innlegget