Fjerde juli ved Lake Tahoe

By: Marihøna

Jul 05 2012

Kategori: Personleg liv

Kommenter innlegget

Aperture:f/8
Focal Length:60mm
ISO:3200
Shutter:1/0 sec
Camera:Canon EOS 1100D

I dag køyrde vi tidleg avgarde frå Napa for å komme oss til vakre Lake Tahoe. Innsjøen ligg nesten 1900 meter over havet i fjellkjeda Sierra Nevada på grensa mellom California og Nevada. Det er ein næringsfattig innsjø, omtrent tom for liv, og det er den totale mangelen på liv som gjer den så vakker og klar. Vi køyrde rett til Baldwin Beach kor vi leigde oss ein kajakk og padla mot Emerald Bay. Det vart diverre ingen bilete frå den turen, for vi torde ikkje ta med kameraet i den vaklevorne kajakken 🙂 Men vi skal køyre til Emerald Bay i morra og prøve å finne eit utkikkspunkt der vi kan ta bilete! Vi la i land på ei lita strand der vi kunne slenge oss i sanden å spise litt lunjs og bade i det særs forfriskande vatnet 🙂 Det var ein nydelig tur, padlinga begge vegar var ganske tung, for det var mykje båtar på sjøen, mykje bølger og tidvis ein del vind, men det gjorde berre pausen på stranda enda meir velfortjent!

Når vi kom oss i land att sjekka vi inn på hotellet vårt, åt middag på resturangen rett ved sidan av og gjekk ned til sjøen og fant oss ein plass vi kunne vente på fyrvekeriet 🙂 Mens vi satt der og venta eksperimenterte eg litt med kameraet og tok bilete av alt mogleg, så vedlagt er diverse bilete frå det.

Kommenter innlegget